Moderne kunst og ambisjonar Inst i Nord-London, øvste toppetasje Alt er kvitt, verdig ei Bonytt-reportasje Rispapir-romdelarar Verten er ein lege, Real kar, driv ein praksis privat Kjærasten hans er skodespelar Ei veninne frå min heimstad Og det er alltid koseleg hjå dei, så me har komt til middag. Den femte gjesten er ukjend, Vertskapet har hivd oss saman som ei teneste Jenta er nettopp ankome frå Australia har flytta til Nord-London Og ho er nokon si syster, eller ei anna svak forbindelse Etter kvart som me vert introdusert er eg slått av hennar skjønnheit Ho er ugjendriveleg vakker Mørke augo, mørkt hår Men medan me sit der Merkar eg at eg vert skeptisk Fordi eg kan sjå hovudet til ein alv tatovert på det populære området Du veit, like over høgre rumpeball Og når ho seier: «Eg er Skytten» Har eg allereie danna ein samlesekk Og strien vert straks strammare Når ho seier ho heiter Storm Praten går i utgangspunktet lett om laust og fast Men det er ikkje lenge før Storm er i gang «Du kan ikkje vite noko, kunnskap er berre meiningar,» meiner ho over glaset med Baco Noir Tvers over bordet Som eit svar Til min alldeles empiriske kommentar. «Det var ikkje den beste starten» Me har ikkje ein gong byrja med maten Og på andre sida av bordet, mi kone Hevar augebryna i ei lydlaus bøn, «ver snill?» Ei ekteskapelet åtvaring Ikkje verdt å gjere ho ill Så eg motstår trangen til å spørje Storm om kunnskap er så laust vevd at ho ein morgon kan forlate leilegheita gjennom inngangsdøra eller ut andreetasje svevd. Maten er deileg og Storm Sjølv om ho unngår alt kjøt sit stille og et Medan den gode lege, litt brisen Held hoff på anakronistiske aspekt ved medisinhistoria Då bryt Storm plutseleg ut «Den menneskelege kroppen er eit mysterium, vitskapen hinkar, snublar og fell når dei prøver å forklare djupna i den menneskelege sjel» Vertinna kastar eit blikk i mi retning Ho, som mi kone veit at eg er på veg inn i ei krass beretning Men mine lepper er forsegla Eg vil nyte mitt måltid Og sjølv om Storm stryk meg mot håra er det ikkje i mi interesse å vogge på båten Trass i at det er litt av ein kamp. Fordi — som hennar meteorologiske namnebror — har ikkje Storm bekymringar for båten vår «Farmasøyter er fienden. Dei fremjer narko-avhengigheit på bekostning av naturlege remedier som er alt kroppen vår treng. Dei er umoralske og drivne av pengar. Kvifor ta dop når urter løyser det? Kvifor bruke kjemikalier når homeopatiske oppløsningar oppløyser problemet? Det er på tide at me går attende til liv Med naturlege medisinske alternativ." Og uansett kor hardt eg held på mi hemning Ein aldri så liten sprekk oppstår i mi diplomatiske demning «Per definisjon,» startar eg «har alternativ medisin,» fortset eg «enten ikkje blitt bevist å fungere, eller vist seg å ikkje fungere. Veit du kva dei kallar alternativ medisin som fungerar? Medisin.» «Så du trur ikkje på NOKRE naturlege medisinar?» «Faktisk tvert i mot, Storm! Før me kom til te Tok eg eit naturleg middel frå barken frå piletreet. Eit smertestillande middel, omtrent utan biverknad Det har eit merkeleg namn Kjære, kva var det igjen? Maspirin? Baspirin? Åja! Aspirin! Som eg betalte ca. ein femtilapp for På mitt lokale apotek. Debatten avtar kort deretter Medan vertane samlar asjetter Men når dei kjem attende med desserten Tiltek Storm ferden «Shakespeare sa det først: Det er fleire ting mellom himmel og jord enn det som eksisterar i dine filosofiar… Vitskap er berre slik me er opplært til å sjå røynda Det forklarar ikkje kjærleik eller ånda. Korleis forklarar vitskap dei synske? Auraer? Det hinsidige? Bønas kraft? Eg finn meg sjølv Stirande Som ein kanin plutseleg stansa I flomlyset frå ei mengd infatil slam Om det er fordi ho feilsiterer Hamlet Eller åtte glas raudvin som i bakhovudet skramlet Men mi diplomatiske demning stønner Og rævholet i meg drønner Det kan ikkje bli holdt tilbake lenger: «Altså, Storm, eg meiner ikkje å stura Men det finst ikkje noko slikt som ein aura! Å lese auraer er som å lese tankar. Eller stjerneteikn, teblader eller ki-kanalar. Desse menneska yter ikkje eit yrke. Anten så lyg dei, eller så er det mentalt sjuke. Det same gjeld dei som hevdar å høyre Gud Forresten, Kvifor er det OK Å late som at ein kan snakke med dei døde? Er ikkje det jævlig sjukt i hovudet? Å ljuge for ei gråtande kvinne som har mista ein liten Og fortelje at du kan kontakte han frå hinsiden? Det er berre grunnleggjande lynsk. Må me verkeleg framleis avkrefte at det finst folk som er synsk? Har me endå ikkje komt over den bøygen, trur me framleis på trollet og draugen? Trur du framleis at nissen gir oss gåver? At Micheal Jackson ikkje hadde ein magisk makeover? Er me så lamslått av simpel trylling At me trur dei døde sin ønskereprise er å preike skit med ein jævla skrulling som vår eiga vesle Märtha-Louise? Til trass for mitt hån Fyrer Storm av klisjéar med imponerande presisjon Som ein snikskytar som brukar skitpreik som ammunisjon. «Du er si sikker i din sak Men du er berre sneversynt. Snart vil du sjå at di tru på vitskap og testar er like blind som hjå alle andre fundamentalistar» «Hm, godt poeng, lat meg tenkje litt. Ah, vent, min feil, rein og skjer bullshit! Vitskap justerar trua basert på kva som er observert. Tru er fornektinga av observasjon, slik at trua er konservert. Om du kan vise meg At homøpati fungerar, Då skal eg endre mi føring Snu på ein jævla femøring. Eg vert flau som faen, men skal springe gjennom gatene og rope Det er eit mirakel! Moderne fysikk er søppel!t Vatn har hukommelse! Og medan det alltid kan hugse ein løkjus-dæsj Gløymer det augneblinkeleg tonnevis med bæsj! Vis meg at det verker, og kvifor det verker Så skal eg — når eg er attende frå den sjokkprega fasen — Risse VISST FAEN midt i rassen!» Alle stirrar på meg no, Men eg er ganske berusa, og har gravd meg så langt ned, Og har eg sagt A, skal eg faen meg seie B: «Ja, livet er fullt av mysterier Men det er svar der ute Og dei vert ikkje funne av folk Av grublarar som alvorleg «Er ikkje livet mystisk?» Grubling er berre forbokstaven Lat oss ringe den jævla paven Lat oss sjå Oprah Intervjue Deepak Chopra! Om du skal sjå på TV, sjå Scooby Doo! Det programmet var så kult for kvar gong det var ei kyrkje med eit skrømt Eller eit monster som var rømt Så såg dei under maska og kva fann dei der? Ein sirkusdirektør, eller ein vaktmeister! Gjennom historia har alle mysteria som NOKON SINNE er løyst, vist seg å Ikkje vere magi. Er ideen om at det kan vere sant Så skremmande? Er ideen om at ein ettermiddag På Wiki-faens-pedia kan vere opplysande Så skremmande? Er mangelen på det overnaturlege Så sjokkerande for ei hippie-burugle At du heller stotrar rundt i tåka Skapt av di manglande evne til å Google? Er ikkje dette nok? Berre denne verda? Berre denne vakre, komplekse Fantastisk ufattelege verda? Den klarar ikkje å halde Oss frå å syte å skape kjipe, menneskelaga monstre og myter. Om du er så glad i Shakespeare, O' lån meg ditt øyre: «Å forgylle raffinert gull, å male ei lilje. Å spraye parfyme på fiolen… skapar vrangvilje» Eller noko slikt. Eller kva med Satchmo?! I see trees of Green, Red roses too, Og greit, om du parafrasert Vil ha Krishna og Vishnu glorifisert På ein post-kolonial, nedlatande, patentsatt og prissatt slags måte. Det er greit. Men her er det som gir meg ein kraftig ereksjon: Eg er ein liten, uvesentleg, uvitande klump karbon. Eg har eitt liv, og det er kort Og uviktig… Men på grunn av at medisinar har blitt mykje betre Får eg leve dobbelt så lenge som tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-forfedre Dobbelt så lang tid til å leve mitt liv Dobbelt så lang tid til å elske mi viv Dobbelt så mange år med vener og sprit, ja Til å dele middag, og bli passe drita Med alle dei heite hippiane Som har alvar på ræva og sumarfuglar på tattane Om eg kanskje har deg fornærma Tenk på dette, ingenting er forandra. Det er like sannsynleg at me hoppar 10 minutt attende, som at eg har klart å endre dine tankar til det betre. Skriven og framført av Tim Minchin Regissert av DC Turner Produsert av Tracy King Figurdesign og animasjon av DC Turner Kamera og effektar: Ricky Earl, Fraser Davidson, DC Turner, Andrew Flatt Assisterande figuranimasjon: Ricky Earl, Kei Phillips, Ash Collins, Valentina Grasso, Betty Le Bon, Fraser Davidson Assisterande figurdesign: Kei Phillips, Ricky Earl, Diego Garcia, Betty Le Bon, Fraiser Davidson, Rachael King, Stuart Mason, Manu Roig Lyd: Milton Mermikedes, Bridget Merkimedes, Holley Gray, Matthias Simmons, Pete Clements Storyboards: Tracy King, Fraser Davidson, Ricky Earl, Joe Pavlo Med takk til: Sid Rodrigues, Rebecca Watson, Jane Goldman and family, Chris Blohm, Loretta King, Susan Turner Med takk til: Lyndsey Brown, Shella Livingston, Helen Jack, Chris Cox, Tom Milsom, Robin Ince © Storm Movie 2011 Alle rettigheiter reservert. stormmovie.net, timminchin.com, kershoot.com